Ny EØS-ordning på plass
– Mange av EUs nye medlemsland slit med høg arbeidsløyse og ein vanskeleg økonomisk situasjon. Det er ei viktig norsk interesse å medverke til økonomisk og sosial utvikling i desse landa.
Dette seier utanriksminister Jonas Gahr Støre angåande den nye avtalen mellom EU og EØS/EFTA-landa om EØS-finansieringsordninga. I perioden 2009-2014 vil Noreg bidra med om lag tre milliardar kroner per år til sosial og økonomisk utjamning og samarbeid i Europa, skriv den norske EU-delegasjonen på sine nettsider.
Dette er ei auke på 22 prosent i forhold til førre periode (2004 – 2009). Ordninga dekkjer no i større grad områder Noreg prioriterer, som miljø, klima, fornybar energi og samarbeid mellom arbeidslivets partar.
Mottakarlanda er dei tolv nyaste EU-landa, pluss Portugal, Hellas og Spania, medan den særskilte norske finansieringsordninga går til dei tolv nyaste EU-landa. Programområda er miljø og klima, helse, forsking, utdanning og kultur, arbeidsliv og sivilt samfunn, justis og menneskelege ressursar.
Les meir om den nye avtalen hos den norske EU-delegasjonen.
Les meir om EØS-finansieringsordninga her.
Her kan du få meir informasjon om EØS stipend- og opplæringsfond.
