Konferanse om fråfall
Fråfall er ei stor utfordring både for skule og samfunn. SIU inviterer til konferanse om fråfall i eit europeisk perspektiv, tysdag 2. november på Gardermoen.
Statsminister Jens Stoltenberg og kunnskapsminister Kristin Halvorsen har nyleg lansert kampanjen ”Ny GIV”, som skal gje auka gjennomføring i vidaregåande skule.
- Alle gode krefter lokalt og nasjonalt må nå dra i samme retning, sa Halvorsen då kampanjen vart lansert i slutten av august.
SIU bidreg med eit europeisk perspektiv på problematikken. I tillegg til presentasjonar av europeiske prosjekt, har me fått tak i spennande og kunnskapsrike innleiarar. Blant desse er Marco Elsafadi frå organisasjonen New Page, som i 2006 fekk ein pris for årets beste foredrag, Eifred Markussen frå NIFU STEP - ein av Noregs framste ekspertar på fråfallsproblematikken, og Else Husa frå Europakommisjonen.
Konferansen er gratis, med påmeldingsfrist onsdag 13. oktober. Dersom du jobbar i stat, fylke, kommune, bedrift eller frivillig organisasjonsliv, og har interesse for fråfallsproblematikken, er du hjarteleg velkomen.
Klikk her for program og påmelding.
