Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.

Kommuniserer med teater

Kan dramapedagogikk gjera det lettare for minoritetar å delta i det norske samfunnet? Det var utgangspunktet for eit EU-samarbeid som førte universitetet i Stavanger inn i asylsøkjarmiljøa i Rogaland.

annesongemoller[1]

Dramalektor Anna Songe Møller understrekar at universitetsleiinga var positive til prosjektet: – For eit ungt universitet som UiS er det ekstra viktig å gå nye vegar, og jobba internasjonalt og tverrfagleg.

– Me hadde allereie jobba med dramapedagogikken til den brasilianske teatermannen Augusto Boal i nærmare tjue år då me vart inviterte til å delta i eit EU-prosjekt, fortel Anna Songe Møller, dramalektor ved UiS. Prosjektet resulterte i ei omfattande lærebok på nettet, kalla «Act and Change».

Dei undertryktes teater

Sju europeiske institusjonar deltok i prosjektet, med felles fokus på teaterformene til Boal i arbeid med minoritetar. Augusto Boal meinte at teater kunne endra samfunnet. Han opponerte mot diktatura i Sør- Amerika i 60-åra, og vart fengsla og torturert før han flykta til Europa.

I dag er han kjend for å ha utvikla metoden Dei undertryktes teater – eit reiskap for dialog- og fredsarbeid. Boal inviterer publikum inn i handlinga, som kan endrast etter deira ønskje, og som gjerne har utgangspunkt i tilskodarane sine eigne liv. Publikum deltek i den sceniske handlinga, og er med på å utforska mulige strategiar for konflikthandtering. Denne teaterformen vert også skildra som ein generalprøve på det verkelege livet.

Teaterformene frå Dei undertryktes teater hadde dramalektorane Anna Songe Møller og Karin B. Bjerkestrand lang erfaring med, men dei hadde ikkje tidlegare jobba med andre grupper enn sine eigne studentar.

– Me hadde aldri jobba med minoritetar før. Universitetet i Helsinki, som leia EU-prosjektet, jobba med integrering av russarar. I England jobba dei med travellers, det me i Noreg kallar taterar, medan spanjolane laga prosjekt for illegale innvandrarar frå Marokko, fortel dramalektoren.

Ut av universitetet

Prosjektet førte dramapedagogane og studentane ut til innvandrar- og asylsøkjarmiljø i Rogaland.
– Våre dramastudentar intervjua asylsøkjarar, og sette i scene deira historier, seier Songe Møller. Etterpå var både studentane og innvandrarar med og spelte desse. Studentane spelte ut episodar der undertrykking fann stad - på advokatkontoret, på bussen, i skulen og i heimen.

– Ikkje alle som var med kunne norsk, men me laga fysisk teater. Det vart sterke saker. Ein speler konfliktsituasjonar, som rasisme på bussen og problemstillingar rundt tvangsekteskap.

– Etter at EU-prosjektet var ferdig, har me vidareutvikla denne metoden. No samarbeider dramastudentane våre med asylsøkjar-klassar på læringssenter i Stavanger og på Sandnes kvart vårsemester. Asylsøkarane vert med som studentar i undervisninga, før ein drar ut til læringssentra og framfører teater der publikum er med på scenen og improviserer fram nye løysingar.

Du er gal

– Då eg kom til Noreg var det kaldt, og eg forsto ingenting. Og dei første dagane på skulen sa læraren namnet mitt feil heile tida.

Gowsigan frå Sri Lanka er elev ved Sandnes læringssenter, og var med på teaterprosjektet.

– Me spelte ein skuleepisode, der eg var eleven. Eg måtte hjelpa ei gammal dame som datt på vegen. Då læraren spurde kvifor eg kom for seint kunne eg ikkje svara. Denne dagen skulle me ha prøve, men eg forsto ingenting, men ein annan elev viste meg kva eg skulle skriva. Eg var glad for det, men då læraren leste svaret mitt sto det «Du er gal», seier Gowsigan.
Skuleepisoden vart framført blant anna for elevane ved Sandnes læringssenter, og nokre av erfaringane hadde Gowsigan sjølv bidrege med.

– Etter at me hadde spelt dette kom publikum med forslag til korleis me kunne spela episoden annleis. Eg var veldig nervøs på scenen, og forsto ikkje alt. Men det var kjekt.

Barriere

sandneslaeringssenter[1]

Teaterøvingane kan bidra til å lettare setja seg inn i andre sin situasjon, meiner Aida frå Eritrea og Gowsigan frå Sri Lanka, her saman med Jane Kirsten Cayeux, lærar ved Sandnes læringssenter.

Etter fem års erfaring har Bjerkestrand og Songe Møller no utvikla sin eigen variant av Boal sine teatermetodar, som dei kallar solidaritets-forumteater.

– Før ”Act and Change”-prosjektet brukte me berre Boal sine metodar blant studentane, og spelte deira problem og konfliktar. Me gjer framleis dette, men i fase to dreg me inn asylsøkjarmiljø, og lar studentane spela utfordringane deira, saman med desse. Me er no i ferd med å utforma ein artikkel som me håpar å få inn i eit internasjonalt fagblad, fortel Songe Møller, som også har starta teaterprosjekt med mindreårige asylsøkjarar. Karin Bjerkestrand har teke med seg prosjektet til Høgskolen i Oslo (HiO), og ”Act and Change” har fått støtte frå Interkult, som støttar utviklinga av eit fleirkulturelt og internasjonalt studiemiljø ved HiO.

Songe Møller understrekar at det var utruleg inspirerande å vera med i prosjektet.

– Det å bli filma, og å forelesa på engelsk, var definitivt ein barriere i starten. Men me vart pusha framover, og fekk dokumentert stoff som me hadde jobba med i mange år. No ligg prosjektet på nettsida som ei lærebok som kan nyttast av blant anna universitet og høgskolar som underviser i forumteater. Her kan studentane sjå førelesningar og eksempel på teaterformene, fortel lektoren, som også har presentert prosjektet på ulike konferansar, blant anna på nettverkssamling for dramaseksjonane ved høgskolar og universitet i Noreg.

Nedst i bunken

Også Aida frå Eritrea var med på dramaprosjektet.

– Alle episodane me spela saman med studentane har hendt, seier ho, som sjølv fortalde studentane om korleis det er å komma til advokaten som skal hjelpa til i prosessen om å få asyl i Noreg.

Blanda saman med historier frå andre asylsøkjarar vart Aida si oppgåve å snu advokatbesøket til noko positivt – og ikkje eit besøk der advokaten igjen la asylsakene nedst i bunken, slik nokre asylsøkjarar fortalde dei hadde opplevd.

Minoritetar?

Anna Songe Møller fortel om den franske antropologen som deltok i EU-prosjektet. Han meinte sjølve termen «minoritetar» var undertrykkande. For han var alle like, alle var franske borgarar.

– Det han sa, har eg tenkt ein del på. Til no har me alltid blitt inviterte inn i miljø. Eg trur det er utruleg viktig å vera audmjuke i forhold til dei ein skal jobba saman med. Vert me overberande, vert me også undertrykkarar.

Aida og Gowsigan er einige om at teaterøvingane kan bidra til å lettare setja seg inn i andre sin situasjon.

– Det var spennande. Me blir gjerne med ein annan gong også.

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring