Du benytter en eldre versjon av Internet Explorer. For optimal brukeropplevelse anbefaler vi deg å oppgradere til en nyere versjon eller bytte nettleser.

Fjernar barrieren

- Me bur i den rikaste delen av det rikaste landet i verda. Det er ein grunn til at det er viktig å vera med på europeiske prosjekt som rokkar ved våre eigne oppfatningar.

Fjernar-barrieren-Nossum[1]

– Læring er både å henta og å gje kunnskap, seier rektor Svein Nossum ved Møllehagen skolesenter.

Det slår Svein Nossum fast, rektor ved Møllehagen skolesenter, eit spesialpedagogisk senter i Rogaland som for tida er involvert i tre ulike Leonardo-prosjekt.

– Me har berre positive erfaringar frå deltaking i slike prosjekt. Som skuleleiar opplever eg at lærarane vert motiverte blant anna ved å få internasjonale kontaktar innan sitt eige fagområde.

Tilpassing

Ein av dei som er involverte i Leonardo-prosjekta er stabssjef for IKT Jone Johnsen, som akkurat er komen tilbake frå Istanbul og prosjektmøte i Leonardo vidareutviklings-prosjektet «Empower Deprived Learners».

– Me fekk spørsmål frå Rogaland kurs- og kompetansesenter om me var interesserte i å delta i tre ulike Leonardo prosjekt med dei same partnarane, fortel Johnsen. Alle tre prosjekta er støtta av Leonardo, EUs utdanningsprogram for yrkesfagleg opplæring, og har same koordinator – nemleg den austerrikske organisasjonen BEST.

Fjernar-barrieren-gruppe[1]

– Eg har lært mykje særleg om prosjektgjennomføring, seier Jone Johnsen t.v.). Her med Helen Roth frå RKK, Gheza Keleman frå FRG i Romania og Helmut Kronika frå koordinatororganisasjonen BEST, Austerrike.

Prosjektet dreier seg om læringsprodukt i spesialundervisning, og byggjer vidare på eit tidlegare Leonardo-prosjekt. Ei oppgåvesamling, ei handbok og ein implementeringsplan for lærarar som jobbar med utsette grupper er tilpassa læringskulturen i Romania, Tyrkia og Slovenia.

– Som spesialskule har me lang erfaring med tilrettelagde opplegg, som prosjektet handlar om, fortel Johnsen.

– Produkta me utviklar gjennom prosjektet kan nyttast til elevar som av ulike grunnar treng spesialundervisning. Det kan vera drop-outs, menneske som har mista jobben eller som aldri har fått noko særleg skulegong.

Fjernar barrieren

Fakta 

  • Empower Deprived Learners er eit Leonardo vidare-utviklingsprosjekt (2007–2009) med partnarar frå Italia,
    Noreg, Romania, Slovenia, Tyrkia og Austerrike.
  • Møllehagen skolesenter er norsk partnar via Rogaland kurs- og kompetansesenter.
  • Leonardo er EU sitt utdanningsprogram for fag- og yrkesopplæring
  • Les meir her: www.empower-deprived-learners.eu

Rektor Svein Nossum understrekar at læringsaspektet ved å engasjera seg i internasjonale prosjekt er uvurderleg for ein institusjon som Møllehagen.

– Det er ikkje mange institusjonar i Noreg som jobbar slik som oss, i grenselandet mellom pedagogikk og psykiatri. Å læra meir om korleis spesialpedagogisk tenking er i andre land, er utruleg nyttig.

Nossum legg til at Møllehagen framleis held kontakten med engelske kollegaer etter førre EU-prosjekt.

– Frå Stavanger er det like enkelt å fly til London som til Oslo. EU-prosjekta hjelpte oss å fjerna den barrieren det er å sjå til andre deler av verda.

Share |
Lukk vindu

Grunnskole og barnehage

Videregående opplæring

Høyere utdanning og forskning

Voksnes læring