Erasmus for alle
Europakommisjonen la sist veke fram forslag til nytt program for samarbeid på områda utdanning og ungdom for perioden 2014-2020 med tittelen Erasmus for All.
Mange norske studentar, lærarar, skular og andre organisasjonar deltek i dag i EUs program for livslang læring (LLP) gjennom ordningar som Erasmus, Comenius og Leonardo da Vinci. No utformar Europakommisjonen arvtakaren til dagens program, som varer ut 2013.
– Me ser at utdanning er eit stadig viktigare verktøy for å bygga eit kunnskapsrikt og økonomisk stabilt Europa, seier Vidar Pedersen, ansvarleg for EUs program for livslang læring i SIU, nasjonalkontor for LLP i Noreg. Han viser til at utdanning har ein framtredande plass i EU 2020, EUs tiårsplan for vekst og sysselsetjing.
Auka budsjett
Det nye forslaget samlar opp eksisterande program og ordningar og vidarefører mange av aktivitetane, men er samtidig noko heilt nytt. Dei fleste etablerte programma forsvinn, og det blir foreslått tre hovudtypar av tiltak: læringsmobilitet, samarbeid og politikkutvikling.
Innan læringsmobilitet er det blant anna føreslått å tilby ein europeisk lånegaranti for studentar som vil ta ei mastergrad i eit anna land – Erasmus Master. Innan samarbeid blir det lagd vekt på å utvikla partnarskap i større skala mellom utdanningsinstitusjonar og næringslivet, medan det i politikkutvikling blir sterkare vekt på at europeiske land skal samarbeida på utdanningsfeltet.
Totalbudsjettet er auka med heile 70 prosent, og samarbeid med land utanfor Europa er inkludert i alle hovudaktivitetane.
– Europakommisjonen ønskjer med denne nye utforminga å sikra betre samanheng og skarpare fokus i EUs innsats for utdanning og ungdom, seier Ingveig Astad, utdanningsråd ved Den norske delegasjonen til EU i Brussel.
– Ein meiner at innsatsen i dag er god, men spreidd over for mange enkelt-initiativ.
Den beste investeringa
Totalt i Europa deltek årleg om lag 400 000 personar i ulike typar utdanning, opplæring, praksisopphald og andre former for læring i eit anna europeisk land. Fram mot 2020 vil Europakommisjonen at dette talet skal doblast.
– Investering i utdanning og opplæring er den beste investeringa me kan gjera for framtida til Europa, uttalte Androulla Vassiliou, EUs kommissær for utdanning, kultur, fleirspråkligheit og ungdom, i samband med at forslaget blei lansert.
No skal forslaget frå kommisjonen diskuterast av medlemslanda i Rådet og i Europaparlamentet. Når EU har vedteke utforminga av programmet og budsjettet vil desse bli førelagt EFTA/EØS-landa med sikte på at desse landa skal delta fullt ut i programmet frå 2014.
Meir informasjon om Erasmus for all på Europakommisjonen sine nettsider.
Kommende frister
17.09.2012
Søknadsfrist for Grundtvig etterutdanning
17.09.2012
Søknadsfrist for Comenius etterutdanning
31.10.2012
For koordinatorer
01.12.2012
