- Marit Lødemel
Tlf:
55 30 38 07
Epost: marit.lodemelSPAMFILTER@siu.no
Faks: 55 30 38 01
- Kari Omdahl
Tlf:
55 30 38 10
Epost: kari.omdahlSPAMFILTER@siu.no
Faks: 55 30 38 01
Innvilgede prosjekter - læringspartnerskap - 2009-2011 15,42 kB
Prosjektsammendrag Grundtvig 08-10 126,88 kB
Prosjektsammendrag Grundtvig 08-09 117,45 kB
- EU-kommisjonens utlysninger for Grundtvig 2010
- Søkerveiledning Grundtvig på EU-kommisjonens nettsider (eng)
Læringspartnarskap
Læringspartnarskap i Grundtvig er to-årige samarbeidsprosjekt mellom europeiske organisasjonar som legg til rette for vaksne si læring. Tanken bak dette samarbeidstiltaket er at det skal vere brukarnært, gjerne ved at brukarar er direkte involvert i prosjektaktivitetane, og at aktivitetane er lett tilgjengleg også for dei utan erfaring med tverrnasjonalt samarbeid.
Samarbeidet må omfatte minst tre institusjonar frå minst tre land som deltek i EU sitt livslang læring program. Vanlegvis er det fleire enn tre i kvart prosjekt, og det kan også vere meir enn ein institusjon frå kvart land med.
I det typiske læringspartnarskapet er det mellom fire og fem europeiske organisasjonar som arbeider saman i to år. Tema for partnarskapa er mangfaldige, som ein kik på kompendia òg viser. Dei møtes eitt par gangar i året, gjerne tre frå kvar organisasjon. Prosjektsamlingane går på skift mellom dei ulike landa.
Det har vist seg at den beste måten å kome i gang med prosjekt på er å delta på eit Grundtvig kontaktseminar. Det er også utarbeidd ei handbok i " Grundtvig Learning partnership," som kan vere ein nyttig reiskap i både førebuings- og gjennomføringsfasen.
Målsetjing
Ei sentral målsetjing i programmet er at flest mogeleg institusjonar får erfaring med europeisk samarbeid. Gjennom dette tiltaket ynskjer ein òg å nå dei mindre aktørane på feltet, og gjerne dei som står i direkte kontakt med den vaksne eleven.
Målgrupper
Målgrupper omfattar dei som prosjektet til sjuande og sist skal kome til gode. Læringspartnarskap, som resten av Grundtvig-programmet, rettar seg mot all vaksenopplæring, men vil prioritere grupper som av ulike grunnar har vanskelegare tilgang til opplæring eller har behov for spesielt tilrettelagde tilbod, mellom anna:
- Sosialt og økonomisk vanskelegstilte
- Vaksne utan grunnutdanning
- Eldre
- Funksjonshemma
- Kulturelle og språklege minoritetar
- Vaksne i utkantstrøk

