Lærarar etterutdannar seg i Frankrike
Årskurs i undervisningskompetanse i fransk er spesielt tilrettelagt for lærarar og lærarstudentar som ynskjer å kvalifisere seg til å undervise i fransk. Den unike kombinasjonen av språk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk gjer kurset til langt meir enn eit ordinært språkkurs. Kurset foregår ved Fransk-norsk senter ved Universitetet i Caen, nord-vest i Frankrike Senteret samarbeidar i dag med universiteta i Bergen, Trondheim, Agder og Oslo.
Årskurslærar Francine Girard underviser i den moderne språklaben. (Foto: Franck Castel Photographies)
Francine Girard, lærar i Caen på tredje året, underviser vanlegvis i fransk ved Universitetet i Agder, og er ikkje i tvil om kvar studentane får størst utbytte språkleg.
- Studentane i Caen gjer raskare framsteg i fransk enn dei ville gjort i Noreg. Dei får oppleve fransk språk, samfunn og kultur direkte, og får også betre kjennskap til regionen og landet gjennom dei mange ekskursjonane som blir arrangert.
- I tillegg er forholda lagt svært godt til rette for læring, med ein godt kvalifisert stab og blant anna ein splitter ny språklab, der studentane kan perfeksjonere sin munnlege fransk.
Stort behov for fransk kompetanse
Norske media har den siste tida fokusert mykje på verdien av utanlandsstudiar, viktigheita av språklæring og då spesielt andre språk enn engelsk. Trass i at Frankrike er ein av Noregs viktigaste handelspartar er fransk språkkompetanse mangelvare. Næringslivet melder om tapte kontraktar på grunn av mangelfull språkleg og kulturell kompetanse, og med ein stadig trongare arbeidsmarknad i sikte er det viktigare enn nokon gong at studentar er kreative og skaffar seg spisskompetanse innanfor sitt fagfelt.
Det er også stort behov for undervisningskompetanse i fransk i skulen, spesielt i mindre kommunar. Og kven er ikkje betre til å inspirere skuleelevar til å bli interessert i språk enn motiverte lærarar som er godt kvalifiserte i det språket dei lærer frå seg?
I Kirsten Bergfall sitt høve var det rektor ved skulen hennar som oppmuntra ho til å ta etterutdanning i fransk.
- Skulen min ynskjer å satse på etterutdanning og fokuserer for tida på framandspråklærarar.I tillegg går to fransklærarar om kort tid av med pensjon. Rektor oppfordra meg til å søkje og tilbaud meg også eit stipend. I og med at eg frå før kun hadde engelsk som undervisningsfag, tok eg med glede i mot tilbodet. Eg har tidlegare hatt ynskje om å studere fransk, og eg har no fått melding om at eg skal undervisa i fransk frå hausten av .
Differensiert læring?
Studentgruppa ved årskurset i Caen i år er spesielt samansett i forhold til alder og bakgrunn. Dette gjev spesielle utfordringar både for studentane og lærarane som skal legge opp undervisningsopplegget. I følgje Francine Girard, betyr innstilling og solidaritetskjensle hjå den einskilde student mykje for klasse-klimaet.
Eivind Egge, Randi Giæver og Rolf Nygaard, alle studentar i vaksen alder. (Foto: Franck Castel Photographies)
Årets gruppe fungerer godt. Eit eksempel på dette er at ein ung student nyleg gjekk gjennom ein heil grammatikktimepå nytt med ein eldre medstudent, som har hatt problem med å forstå undervisninga på fransk, fortel Girard.Dessutan stiller ei variert gruppe, ikkje berre i alder men og når det gjeld franskkunnskapar, størrekrav til læraren om å drive differensiert læring. Studentane vil då sjå korleis dette fungerer på nært hald, noko dei vil få bruk for i sine framtidige klassar.
Livslang læring
Heile seks av 13 studentar er over 50 i årskurs-klassen denne gongen. Den eldste er over 70 år, utan at det går ut over lære- og reiselysta. Eivind Egge (60) merkar at det er uvant og travelt å studere igjen, men syns det er både triveleg og givande.
- Me kan tilføre livserfaring og kunnskap om norsk skule frå eit lærarståstad, meiner Eivind Egge.
Mildrid Kyte (23) er blant dei yngre studentane i klassen og går til vanleg på lektorstudiet i realfag på UiB. Ho likar godt dei store ulikheitene i klassen.
Mildrid Kyte ynskjer å kombinere fransk med realfag i si framtidige yrkeskarriere. (Foto: Franck Castel Photographies)
- Eg tykkjer det er bra at me ikkje er ei homogen gruppe. Det speglar arbeidslivet, der arbeidar ein jo ikkje berre med jamnaldrande.
Les meir om årskurset i undervisningskompetanse i fransk for lærarar og lærarstudentar her.
